ME TRENG Å HØYRE TIL
Verdsdagen for psykisk helse
#lagplass
Verdsdagen for psykisk helse
#lagplass
Årets kampanje for Verdsdagen for psykisk helse oppmodar oss om å gjera våre viktigaste møteplassar meir inkluderande for eit større mangfald av menneske.
Vår visjon på Kveik er å vera „Best på arbeidsinkludering“, der misjonen vår er å gje flest mogleg ein meiningsfylt arbeidskvardag. Me jobbar kvar dag med å strekkja oss mot dette målet, då me ser kor stor betydning dette har for dei menneska me er i kontakt med.
Me har alle eit ansvar for å løfta blikket og laga plass til fleire.
Les meir om årets tema på heimesida til Verdsdagen for psykisk helse her.
Les oppmodinga frå Kenneth Stien, direktør i bransjeforeininga vår Arbeid og inkludering i NHO service & handel, til lokalpolitikarane i kommunane om arbeidsinkludering og utanforskap.