Middagskos med Kveik

Dei tilsette på Kveik lagar god mat og god stemning for dei eldre i Sosialbygget. 

 

Publisert i avisa-hordaland laurdag 30. september 2023 - alle bilder: Stine Carlsen / avisa-hordaland

Kokken Ingvild ved Kveik catering lagar potetmos til middagen som skal til velferden

Det er tidleg morgon i Brynaskogen 27, der Voss vidaregåande skule tidlegare låg. På kjøkenet er fleire frå arbeids- og inkluderingsverksemda Kveik i sving med å laga middag. Middagen vert levert til ulike privatpersonar og til Sosialbygget kvar dag i veka. 

I dag står det fisk på menyen. – Me lagar fisk tre dagar i veka. Det er veldig populært. I dag er det omnsbakt laks, heimelaga potetmos og grønsaker med smelta smør og rømme, seier Ingvild Flatebø, som er kokk og rettleiar på cateringen.

Loknam står i kokkeklær og lager middag på kjøkkenet til Kveik catering

Alle kan gjera litt

Listepop frå radioen summar i bakgrunnen og dei fire som er på kjøkkenet i dag jobbar jamt og trutt med vante rørsler. Ei av dei som jobbar på kjøkenet er Loknam Chomchuen (25). Ho nikkar og smiler når ho før spørsmål om ho trivst med å laga mat. 

– Det er veldig kjekt å ha Loknam her på kjøkenet. Ho byrja å jobba fast her i 2021, og er arbeidsam og kjekk. Alle kan ikkje gjera alt, men alle kan gjera litt. Det er eit viktig motto her på Kveik, seier Flatebø.

Alexander og Raymond laster middagen inn i bilen klar for utkøyring til Velferden

Eigne sjåførar hentar maten

Middagen skal serverast 11.30 på Sosialbygget, som er ei vanleg middagstid for dei eldre. 

Maten som skal ut til enkeltpersonar vert vakuumert i porsjonar, og bretta med fisk, mos og grønsaker som skal til Sosialbygget vert forsegla og sette inn i eit varmeskap. 

– Me driv catering til alle som vil. Det er det kanskje ikkje alle som veit. Alle kan bestilla mat her hjå oss, og me kan garantera at maten er god og heimelaga, seier Flatebø. 

Presis klokka 10.30 kjem sjåføren Raymond Hagen og medmakker Alexander Blix. Dei fraktar maten trygt fram. 

– Det er kjekt å køyra ut maten. No fyrst skal me levera bagettar på Voss Energi, så køyrer me middagen ned på Sosialbygget. Alle vert så glade når me kjem, smiler dei medan dei lesser maten i bilen

Anne og Elisabeth smiler mot kamera på velferden

Ein god hjelpar

Vel nede på Sosialbygget tek Elisabet Hefte (36) imot dagens levering. Ho jobbar også på Kveik og er med på å servera maten til dei eldre kvar onsdag. 

– Det er veldig kjekt, synest eg. I dag kom eg lenge før eg skulle. Eg har dekt borda, og alt er klart, seier ho. På borda er det sett ut friske roser, løparar og fat, glas og bestikk er nøye og fint oppdekt. 

– Ho er altså så flink, seier Margunn Dymbe. Sjølv har ho arbeidd i Velferdssentralen i 21 år. Ho fortel at ho alltid gler seg til onsdagane når Elisabet kjem for å hjelpa til. 

– Ho er så blid og flink med dei eldre. Ho passar alltid på at alle har det dei treng, og gjev påfyll i glas og koppar. Ho er den perfekte servitør, seier Margun

Elisabeth smiler til kamera når ho serverer middag til 100 år gamle Johanna

Gler meg til kvar onsdag 

Maten vert sett i varmeomnen. På førehand har dei varma opp tallerkane, og lukta av god middagsmat breier seg i lokalet. Klokka nærmar seg 11.30 og dei fyrste gjestene byrjar å siga på. Elisabet er raskt på pletten, og ynskjer velkomen. 
 

– Hei, så kjekt å sjå deg, Johanna! Kom og set deg her. Johanna Hefte er heile 101 år og er ei av dei eldste til middag her. 
– Eg er fast gjest, og eg gler meg til kvar middag her. Og spesielt onsdagane når Elisabet er her. Det er vekas høgdepunkt, seier ho. 

Elisabet kjem med den rykande ferske middagen, og set den framføre Johanna. 
– Og korleis smakte dette, Johanna? 
– Dette var heilt nydeleg. Kjempegodt, seier ho. 

Eit viktig tilbod 

Leiar for aktivitet og service i Stiftelsen Sosialbygget, Anne Dalland, seier at det er berikande å ha dette samarbeidet med Kveik. 
– Me er veldig glade for å samarbeida med Kveik om desse middagane. Me har fått middagar frå dei i over 20 år. Fyrst hadde me middagar tre dagar i veka, men det var så populært at me måtte opp til fem. Det er sosialt og kjekt for dei eldre, og i tillegg får dei som er i Kveik nyttige arbeidsoppgåver, seier ho. 

– Kor mange kjem til middag her i snitt kvar dag? 
– Gjennomsnittet plar liggja på 40 stykk. Middagen er veldig populær. Me har også spesielle måltid knytt til årstider og høgtider, som fårikål no på hausten, grilling på sommaren og joletallerken til jol, og då kan ein i alle fall dobla talet på middagsgjester. Ho trur slike tiltak er med på å motverka einsemd hjå dei eldre. 
– Heilt garantert. Me har mange gode tilbod her på Sosialbygget, mellom anna song, yoga, ulike treningar, bokkafé og mykje anna. Og slike lågterskeltilbod som middagane gjer at folk kjem seg ut, kanskje kler seg litt fint og er sosiale med andre. Eit heilt topp tilbod, seier ho

Strekillustrasjon i oransje av hjarte.
Forrige Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS