Om Kveik
Me er ei arbeid- og inkluderingsverksemd som leverer ulike arbeidsretta tiltak for NAV på Voss, Vaksdal og i deler av Hardanger.

Me er ei arbeid- og inkluderingsverksemd som leverer ulike arbeidsretta tiltak for NAV på Voss, Vaksdal og i deler av Hardanger.
Me står klare til å dele av vår kompetanse.
Våre tilsette har utdanning og kompetanse innan ei lang rekke tema og fagområde, som helse, arbeidsliv, trening, pedagogikk, konflikthandtering og psykologi.
Alle menneske kan bidra i arbeidslivet – det gjeld berre å finna styrkene sine, og visa dei fram.
Me hjelper deg med motivasjon, verktøy og rettleiing, slik at du kan finna og dyrka dine sterke sider.
Hovudoppgåva vår er å driva med arbeid og inkludering. Målet vårt er å få fleire ut i arbeid, eller til utdanning.
Det er mange menneske i arbeidsfør alder som av ulike grunnar har falt utanfor arbeidslivet. Desse menneska er ein viktig, uutnytta ressurs, som me treng i arbeidslivet!
- Turid Midtun, dagleg leiar i Kveik
Vil du snakka med Turid?
Du når ho på tlf. 414 17 610
eller e-post turid@kveikarbeidsliv.no
Me trur at tett samarbeid og ein open dialog er viktige verkemiddel for å lukkast for alle partar.
- Svanhild Tufteland Tvilde, kontaktperson for samarbeid og rekruttering.
Vil du snakka med Svanhild?
Du når ho på tlf. 950 48 094 og
eller e-post svanhild@kveikformidling.no
Med rekrutteringsstrategien Ringer i vannet koplar me menneske som av ulike grunnar har falt utanfor arbeidslivet med NHO-bedrifter.
Arbeid & Inkludering er ei bransjeforening i NHO, som har 115 medlemsbedrifter. Saman med dei hjelper vi flere mennesker inn i arbeidslivet.
På krav frå Arbeids- og velferdsdirektoratet har Kveik AS valt EQUASS assurance som europeisk system for kvalitetssikring av velferdstenester.
Ringer i Vannet (RIV) er et samarbeid mellom NHO og arbeids- og inkluderingsbedriftene.
Som miljøfyrtårn tek me eit aktivt miljøansvar og bidreg til grøn omstilling, og me er forplikta til å dokumentera eigen miljøinnsats innanfor områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport.
Me er underleverandøren til A2G i tiltaka Avklaring og Arbeidsretta rehabilitering (ARR).
Du kan lesa meir detaljert om avklaring på sidene til A2G.
Kveik er tilknytta Helt med, som er ei nasjonal ordning kor du kan kvalifisera deg til tilrettelagt arbeid i ordinært arbeidsliv.
OK AMB er ei forkorting av OpplæringsKontoret ArbeidsMarknadsBedriftene. Saman med dei gjennomfører me tilrettelagt fagopplæring etter opplæringslova.
Eide gard i Kvam kommune har fem tiltaksplassar for deg som står utanfor arbeidslivet og treng hjelp til å kvalifisera deg mot arbeid eller utdanning.