Jobbfrukt - korga med meining!

Med Jobbfrukt gjennom Kveik støttar du verdifulle arbeidsplassar til arbeidstakarar med behov for tilrettelegging 🍏🍇🍌

pakking av Jobbfrukt frå Kveik

Kveik er 1 av 70 stolte verksemder frå heile landet som leverer fruktkorger til store og små verksemder kvar veke. For å kunna levera Jobbfrukt må både personell og deltakarar gjennom opplæring i Jobbfrukt-skulen, der dei lærer om varehandtering og mattryggleik. 

Kveik overheld sjølvsagt Mattilsynet sine reglar for hygiene når ein pakkar og distribuerer fruktkorgene.   

Kveik jobbfrukt16

Hjå Kveik er det 5-6 deltakarar som rullerer på å pakka fruktorgene kvar veke, og i tillegg har me om lag 10 sjåførar og sidepersonar som køyrer fruktkorgene ut til våre kundar. For mange deltakarar er dette høgdepunktet i veka!

 

Som Jobbfrukt-kunde hjå Kveik er du med på å støtta opp under FN sitt berekraftmål nr. 8 om å fremja varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, og full sysselsetjing og anstendig arbeid for alle. 

pakking av Jobbfrukt frå Kveik

Kva får du ved å abonnera på Jobbfrukt?

 

Du vil få fersk frukt av høg kvalitet frå BAMA, som bidreg til energipåfyll for deg og kollegaene dine gjennom arbeidsdagen. Du kan velja mellom 3 ulike storleikar på korgene, og du vel sjølv kor mange gonger i veka du ynskjer å få den levert.  

 

Du kjem i kontakt med våre blide deltakarar som køyrer frukta ut til bedrifta di, og du er med på å støtta verdfulle arbeidsplassar for arbeidstakarar som treng ein tilrettelagt arbeidskvardag.

Ynskjer du å tinga jobbfrukt? 

Det gjer du enkelt ved å trykka her 😀

Forrige Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS