Jolastemning på open dag
Tusen takk til alle som vitja Kveik på open dag laurdag 2. desember.
Tusen takk til alle som vitja Kveik på open dag laurdag 2. desember.
I forkant av den opne dagen hadde tilsette og arbeidstakarar stått på med både produksjon av jolakaker, deilige tova vanter, huer og våre fine jolatre frå treverkstaden som var til sals.
Jolanisser og vinstativ
Fine tova votter
Gode og solide tremøbler
Me fyrte opp bålpanna og serverte gløgg og kaffi, og borna kunne steike seg pinnebrød om dei ynskte. Mange nytta moglegheita til å pynta pepperkakehjarter som dei tok med seg heim, og ungane var gode på å finna alle smånissane som var gøymde rundt omkring på området vårt.
Varm kaffi er godt på kalde dagar
Gløgg høyrer jola til
Snø og jolastemning
Tusen takk til alle som kom innom og var med på å lage god jolastemning, og for at me får vist fram den kjekke arbeidsplassen vår 🙏
Velkomen att!