Møt våre nye tilsette!

Silje og Audhild er nye i kompetanseavdelingen – bli betre kjend med dei her 👋

Silje og Audhild sit i sofa og smiler fint

Me på Kveik er glade over å kunna presentera våre to nyaste tilsette i kompetanseavdelinga.  Etter ei tid utan nok personale i avdelinga var det godt å få desse dyktige damene på plass for verdifull kompetanse og godt humør. 

Les meir om kvar enkelt nedanfor!

Audhild smiler fint til fotografen

Audhild Grov

Audhild har bachelor i sjukepleie, og har tidlegare jobba ved Voss sjukehus. Der tok ho med seg eit breidt spekter av verdifull erfaring og kunnskap som ho no ynskjer å bygga vidare på her hjå oss på Kveik. 

 

Audhild er opprinneleg frå Vik i Sogn, og som tilflyttar til bygda har ho valt å halda på si breie sognadialekt 😊 

 

Ho likar å tilbringa fritida i lag med vener og familie, ho er glad i å vera ute i naturen og tek seg gjerne ein topptur på ski i vintersesongen. Elles likar ho å vera kreativ og brukar ein del tid med strikkepinnar og symaskin!

Nytilsett Silje smiler fint til fotografen

Silje Mørkve

Silje har ei bachelorgrad i ergoterapi, og har tidlegare jobba som ergoterapeut i Ulvik, Granvin og sist på Voss. Ho har to vidareutdanningar, ei i demens og alderspsykiatri og ei i velferdsteknologi. 

 

Som kommunal ergoterapeut har Silje hatt særleg fokus mot hørsel og vore medverkande i Friskliv og meistringstilbodet gjennom Voss herad. 

 

Vidare er ho opptatt av å sjå ressursar hjå menneske, og ho brenn for inkludering og deltaking i arbeidslivet for alle. Difor meiner ho at arbeidet ho skal gjera hjå Kveik er midt i blinken for henne. 

 

Silje er godt gift, har bygd hus, fått to born og har kjøpt seg Volvo stasjonsvogn, eit klassisk A4 familieliv ifølge ho sjølv 😊 

 

Utanom jobb er ho med familie og vener, er glad i å høyra på god musikk og likar å springa i skogen, spesielt sommarstid.

Forrige Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS