Bedriftsfrukost om ekspertbistand

I november inviterte me til bedriftsfrukost med ekspertbistand som tema. 

 

Her gav me informasjon om tenesta og det vart erfaringsutveksling frå arbeidsgjevarar som har nytta seg av tenesta.  

bilete viser sju personar som sit rundt eit bord i frokostmøte

Ekspertbistand er aktuelt dersom verksemda har sjukefråvær som ikkje vert løyst gjennom vanleg oppfylging frå arbeidsgjevar, eller ved bruk av andre tiltak og støtteordningar. Målgruppa er arbeidstakarar som har langvarig eller hyppig sjukefråvær grunna fysisk/psykiske helseplagar, arbeidshøve eller faktorar i arbeidsmiljøet. 

Målet med ekspertbistand er å førebygge og redusere sjukefråværet gjennom å: 

  • få bistand til å avklare arbeidssituasjonen,
  • få bistand til å finne gode løysingar som fungerer over tid
  • få bistand til samhandling mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar 
Bilete visar 5 personar som sit rundt eit bord på frokostmøte, medan ein står på enden av bordet og heldt foredrag

Jon Arve Bjordal , rektor ved Skulestad skule, fortel om deira erfaringar med ekspertbistand. Han fortel at dei var noko skeptisk til å byrje med, men såg etter kvart at dette var bra. 

 

"Som arbeidsgjevar har me mykje ansvar i kvardagen, mange arbeidsoppgåver. Godt med hjelp av nokon som kan dette".

 

Bjordal påpeikar at å nytte seg av ekspertbistand vart ei veldig god løysing for alle partar, og han dei har nytta seg av tilbodet i fleire saker.  

Ståle Rørlien, dagleg leiar ved Voss Byggsenter, har også positiv erfaring ved å nytte seg av ekspertbistand og skryt av tilbodet. Bistanden dei fekk til kartlegging, hospitering og nytenking var med på å finne riktig løysing for dei involverte. 

Bilete viser seks personar som sit rundt eit bord, og ein som står framfor og holder foredrag med stor skjerm på veggen i bakgrunnen

Lena Gjernes, avdelingsleiar i kompetanse og fagansvarleg, fortel om ekspertbistand til bedriftene som er på besøk hjå oss.

 

Les meir om ekspertbistand her.

Forrige Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS