Ei jolahelsing til dei som treng det mest

I år gir me ikkje gåve eller fysiske jolahelsingar til tilsette og kundar. Kvifor det?

Ein vaksen som held rundt eit barn foran joletreet i stova.

Med alt det forferdelege som skjer i verda kjennest det ikkje heilt riktig å berre gå på joleshopping som vanleg. Det er lett å kjenna seg makteslaus i møte med krig og konflikt, men me må prøva å bidra og gjera så mykje me kan.

Me vel difor å gi ressursane som hadde gått til gåver og jolehelsingar til tilsette, kundar og samarbeidspartnarar til Leger uten grenser og Redd barna - barn i krig og konflikt i år. Me håpar at pengane kan gjera ein liten forskjell og gjera joletida betre for nokon av dei som treng det aller mest.

Måtte jola glitra av kjærleik, latter og glede for så mange som mogeleg - og måtte dei gode stundene verta til gylne minner i morgo.

Dei beste ynskjer om ei god og fredfull joletid frå Kveik til alle våre kundar, deltakarar og samarbeidspartnarar 🌟

Forrige Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS