Kveik formidlar godt i AFT tiltaket

Kvar månad rapporter Kveik formidling AS inn informasjon på avslutta deltakarar i tiltaket AFT, og på denne måten kan me  samanlikna resultata våre mot andre liknande verksemder som er medlem av bransjeforeninga Arbeid & inkludering. 

 

Kveik formidling AS har levert eit godt og jamnt resultat i tiltaket AFT gjennom heile 2023

AFT sitt logoikon er eit svart hjarte med ei pil i enden.
Gjengen som jobber med AFT på Kveik - frå venstre Siri, Håkon, Svanhild, Sjur og Hege

"Alle har evne til å bidra i arbeidslivet og samfunnet om dei får sjansen til å finne styrkene sine og å visa dei fram." 

 

På biletet: AFT gjengen - frå venstre: Siri, Håkon, Svanhild, Sjur og Hege

Jobbkonsulentane i Kveik formidling AS meiner at alle har evne til å bidra i arbeidslivet og samfunnet om dei får sjansen til å finne styrkene sine og å visa dei fram. Gjennom tiltaket arbeidsførebuande trening (AFT) gjev jobbkonsulentane deltakar personleg tilrettelegging, oppfølging og hjelp til å finna nye jobbmoglegheiter. 

Målet med tiltaket er at deltakarane skal koma i ordinært arbeid eller utdanning. 

Jobbkonsulentane er tett på deltakarane både når dei er internt hjå oss og eksternt ute i arbeidslivet, noko som viser att i våre gode resultat for 2023.

Resultat AFT Kveik 2024

Kveik formidling AS har i 2023 fått heile 54,6 % av våre deltakarer i AFT ut i arbeid eller utdanning. 

Resultat AFT nasjonalt nivå 2024

nasjonalt nivå er det eit resultat på 35,2 % ut i arbeid eller utdanning i 2023

💕 Me er stolt av det arbeidet me gjer 💕

  • Bedrifter med over 10 deltakere og overgang til arbeid og utdanning
Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS