Pudderfjøla - nytt prosjekt i 2026

Bindingsfri snowboardfjøl utvikla og laga av Kveik formidling si treavdeling

2026 Fjøla Front foran i snø
2026 Pudderfjøler

Rettleiar Helge i Kveik formidling har saman med arbeidstakarar utvikla og produsert pudderfjøla i år. 

Dette er ei snowboardfjøl utan bindingar.

Prosjektet starta i januar med utvikling av prototype og produksjon har vore utført i haust.

Pudderfjøla er produsert av to stk 6 mm kryssfiner i furu som er limt saman og tvinga i bua form.
Den er for- og etterbehandla for beskyttelse til vinterværet og for god glid på snøen.

Det er eit begrensa opplag på pudderfjøla og den kjem i barne- og vaksenstorleik 
 

Minifjøla er 118 cm lang

Pudderfjøla er 158 cm lang
 

Ei kjekk pudderfjøl for leik i laussnø.
 

 

På bilete prototype og pudderfjøla

2026 Fjøla Anton skisser rundt mal

Anton skissar ut pudderfjøla frå mal.

2026 Fjøla Anton skjærer ut fjøl

Anton  sager ut pudderfjøla med stikksag.

2026 Fjøla Anton monterer feste

Anton limar på knottar til skofeste.

2026 Fjøla front bakside

Bakside av front på pudderfjøla. Her kan ein sjå mønster frå finerplater som er limt saman.

2026 Fjøla på arbeidsbenk

Pudderfjøla på arbeidsbenken.

2026 Fjøla

Pudderfjøla i snø.

Neste
Nettstaden levert av Voss Kommunikasjon