Eitt måltid saman❤️
Kveik og Frivilligsentralen vil saman arrangere ein felles middag for alle måndag 23. november.
Middag er gratis og det er 50 ledige plasser.
Kveik og Frivilligsentralen vil saman arrangere ein felles middag for alle måndag 23. november.
Middag er gratis og det er 50 ledige plasser.
Dette er eit arrangement for alle som ynskjer eitt måltid saman med andre, eller som ynskjer å vite meir om frivillig arbeid.
Me vil denne dagen servere
heimelaga kjøtkaker i brun saus m/kålstuing, gulrot, kokt potet og tyttebærsyltetøy.
Etter middag serverer me gulrotkake, sjokoladekake og kaffi/te
Me vil holde ein kort presentasjon om cateringen vår og fast middagslevering.
I samarbeid med Frivilligsentralen ynskjer Kveik å få til ei ordning der frivillige kan bistå med utkøyring av mat til våre middagskundar. Frivilligsentralen vil fortelje om dette prosjektet.
Kanskje dette er noko du kunne tenkt deg å bidra til?
Arrangementet vil vera i kantina ved Kveik catering i Brynaskogen 27.
Det er parkeringsplasser ved kantine og evt. ved Kveik sin lokaler. Arrangement er også tilpasse til bussavgang 990 frå Voss stasjon kl 12.50 og tilbake frå Vestre Brynalii kl 16.06.
Gå av buss ved handelshuset og det vil vere personar som møter deg der med vestar på og viser veg.
Ynskjer du å delta på eitt måltid saman måndag 23. november
frå kl 13.30 – 15.30?
Send påmelding innan 17. november på e-post eller ta kontakt på telefon.
Gje beskjed om du har matallergi.
Bente Tveite
Tlf: 477 62 286
bente@kveikarbeidsliv.no
Turid Kvamsdal Midthun
Tlf: 414 17 610
turid@kveikarbeidsliv.no
Har du problem med transport denne dagen, ta kontakt.
Me dekkjer bordet denne dagen, kom som du er.