Ministermøte om samarbeid
Me møtte Marte Mjøs Pedersen for ein prat om samarbeid, vidareutvikling og vegen vidare i arbeidsinkludering.
Me møtte Marte Mjøs Pedersen for ein prat om samarbeid, vidareutvikling og vegen vidare i arbeidsinkludering.
I går var Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen på Voss. Saman med Benedicte Kragh, NAV og Bymisjonen fekk me møta Persen til eit hyggeleg føremiddagsmøte.
Tema for møtet var samarbeid og vidareutvikling innan arbeid og inkludering. Me presenterte informasjon om Bymisjonen, Kveik og NAV til ministeren, om korleis me jobbar med vidareutvikling av brukargrupper i regionen.
Takk til Marte Mjøs Persen og dei andre aktørane for eit spennande møte – me ser fram til vidare samarbeid framover!