Gjennom Kveik og Helt Med har Marte fått seg fast arbeid!

Gjennom Kveik og Helt Med har Marte fått seg fast arbeid på Coop Extra Skulestadmo. Ho har sjølv skrive eit innlegg om dette, som me er så heldige å få lov å dele. 

VTA sitt logoikon er eit svart hjarte med to klammer rundt.
  • Foto viser Marte Nyberg inne på Coop Extra. I ein raud genser ser ho mot kamera og smiler.

    Marte på jobb ved is-disken som ho har ansvar for.

Eg heiter Marte Nyberg, er 37 år gamal og er ei ekta vossajenta. Eg har tourette og asperger syndrom. Eg klarar meg for det meste bra, men har mine utfordringar.

Eg har fått ein kjekk og god jobb hjå ein flott arbeidsplass via Helt Med. Det er hjå Coop Extra Skulestadmo på Voss. Hatt fast jobb sidan 1. april 2022, som er min aller fyrste. Er veldig stolt og fornøgd. Det er ein veldig kjekk, sosial og god arbeidsplass. Med flotte og kjekke personar som kollegaer. Og med eit godt støttande miljø. Med blant anna mykje god humor i kvardagen som er veldig viktig. Er takknemleg for alt.

Strekillustrasjon i oransje av boks.

Før eg fekk fast jobb, hadde eg arbeidstrening der i nesten to år via Nav. Det var kjekt, men følte at eg ikkje kom nokon veg. So fekk eg endeleg vita om Helt Med. Då såg livet mitt plutseleg mykje ljosare enn før, i forhold til å få ein fast jobb som er tilpassa. Som var det eg ynskte meg lenge.

 

Frå starten av var eg veldig nervøs, det gjekk seg til etter kvart. Eg har som ansvar å fylla på med tørrvarer, det er mykje å halda på med. Samt ein får brukt kroppen, sidan det er mykje løfting av varer av ulik tyngde. Som enten skal vera høgt oppe, midt på eller langt nede i ei hylla. Det vert nok gåing i løpet av ein dag. Ein får og vera sosial, prata litt med tilsette og kundar. Og hjelpa dei kundane som spør om hjelp, eller dei som ser veldig undrande ut mens dei går rundt og leitar.

Strekillustrasjon i oransje av handlevogn.

Har enno ikkje turt å prøva meg i kassa. Synes det er ganske skummelt, samt andre ting blant anna. Tenker at det er ingenting som haster. Tek det når eg er klar for det. Det er ikkje det som er det viktigaste no.

Strekillustrasjon i oransje av is.

Ein gong etter eg begynte der, då fekk eg prøva meg på og fylla på med is. Etter kvart tok eg meir og meir ansvar for isen.  Eg synes det er veldig koseleg å halda på med is. Det er for det meste eg som fyller på is, og det er meir enn nok å gjera. Spesielt no i sommarhalvåret.

 

Eg vil gjerna seia tusen takk for all den hjelp og støtte som gjer at eg har fått jobb som eg trivast godt i.

  • Foto viser nokre av dei ansatte i Coop Extra inne i butikk. Dei står oppstilt ved isdisken og smiler.

    Marte har fått gode kollegaer på Coop Extra.

Ein av Marte sine kollega seier dette: «Helt Med er ein kjempefin ordning for å få fleire ut i arbeidslivet. Me har vore veldig heldige med Marte som er ein kjempe ressurs. Ho er pliktoppfyllende og flink. Ho er alltid i godt humør og eit smil på lur!»   

Strekillustrasjon i oransj av fugl som flyr.

Kjære alle verksemder i Norge. Eg har eit stort og viktig ynskje. Opna opp dørene dekans inn i arbeidslivet, for alle personar uansett kva slags utfordringar dei har.

Vil anbefale Helt Med på det sterkaste.
Dei hjelper menneske med utviklingshemming, utviklingsforstyrringar og lærevanskar i arbeid. Kvar person har uførestønad i botn. Dei hjelper personar i heile landet. 

" Kjære alle verksemder i Norge. Eg har eit stort og viktig ynskje.
Opna opp dørene dekans inn i arbeidslivet, for alle personar uansett kva slags utfordringar dei har." 

Strekillustrasjon i oransje av lupe.

Helt Med hjelper til med alt av utlysing, finna den rette personen, tilsetjing. Varig oppfylging av den tilsette og arbeidsgjevar frå jobbspesialist gjennom heile tida ein er i arbeid. So kan begge parter føla seg trygge med god støtte og råd. Som kan vera veldig viktig.


Personen som vert tilsett, har for det meste lik arbeidskontrakt som dei andre. Samt litt annleis på ein måte. Med tanke på litt andre forventningar til personen i arbeid. Elles får ein bonusløn i tillegg til uførestønaden som ein har. Samt ein får tilpassa arbeid og stillingsprosent utifrå kva personen klarar og ynskjer. Kvar person får utdelt ein fadder på den arbeidsplassen ein vert tilsett. Som ein kan prata med og spørja om råd om det trengs.


Alle menneske fortener å få koma i ein jobb som dei likar og trivast i, uansett utfordringar dei har. Å kjenna seg inkludert, og at ein kan føla på at ein bidrar med noko viktig. Å få koma ut og vera sosial, verta sett og sjå andre. Det kan hjelpa veldig på den mentale helsa. Alle og ein kan tilby so mykje meir enn det ein trur. Arbeidsvilje, glede, humør, stå på vilje, kunnskap, og mykje meir....Det vil tilføra arbeidsplassen mange positive ting, blant anna betre arbeidsmiljø. Dei tilsette vil kunna føla seg stolte av vera ein del av eit inkluderande miljø. De har absolutt alt å vinna med og gripa denne mogelegheita.


Eg har veldig lyst å rekkja opp min sterke fakkel høgt og tydeleg for alle saman som er som meg.

Strekillustrasjon i oransje av hjarte.

Ein av tinga eg har lagt merke til lenge. Det er at pengar og økonomi er ganske viktig for å kunna oppretta fleire arbeidsplassar rundt om kring. Elles kjem ein seg ikkje so mykje vidare. Då må dei som har mogelegheit, samt dei som bestemmer og styrer bidra meir på den fronten. Helt Med treng all den hjelp dei kan få. Det vert då mykje lettare for personar for eksempel i min situasjon og sjå at dette kan vera jobbar for dei og. Inkludera flest mogeleg i arbeidslivet, som er veldig viktig.

Tusen takk for at akkurat du ville lesa dette viktige bodskapet frå meg. 

Ynskjer du å vite meir? 

Her kan du lese meir om Heilt med og VTA 

Forrige
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS