Innhaldsrike dagar på årsmøtet til Jobbfrukt

Mari og Siv har deltatt på årsmøtet til Jobbfrukt, kor dei dykka djupt inn i tema som bærekraft, nye frukt- og grønnsakssortar, og fekk oppleve det genuine engasjementet til gardbrukarane.

landfalt-gard-sylling
Harald osa

Harald Osa, representant frå Bama, delte sin kunnskap om bærekraft og dei fascinerande prosessane bak introduksjonen av nye sorter innan frukt og grønt.

Tom tvedt

Tom Tvedt frå NFPU begeistra med eit sterkt og engasjerande innlegg, som vekte stor gjenklang hjå dei frammøtte.

Nils inga aadne

Humoren fekk og sin velfortente plass, takka vere Nils-Ingar Aadne (Nilsi) som med sitt skarpe blikk og gode humør knytte heile årsmøtet saman.

landfalt-gard-sylling

Dag to tok dei to på seg utforskarhattane og besøkte to av dei største gardane som leverer til både Bama og Jobbfrukt; Landfalt gard i Sylling og Butterdal gard i Lier. 

 

På desse besøka fikk dei eit unikt innblikk i korleis ting fungerar utanfor dei vanlege rammene. Det som særlig gjorde inntrykk, var den brennande stoltheiten og det dedikerte engasjementet til dei som driver desse imponerande gardane.

Forrige Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS