Har du matglede og er god til å rettleie andre?

 


Ynskjer du ei fast deltidsstilling som er både gjevande og utfordrande?   

Kveik logo liten jpg versjon

Me har ledig ei 40% stilling frå 1. juni som Rettleiar to dagar i veka.

Kveik AS driftar kantina på Tinghuset, der me produserer mat for sal over disk og møtemat for avdelingar knytt til Voss herad. 
I kantina jobbar det ein rettleiar som er tilsett gjennom Kveik, saman med fire personar som er tilsett gjennom Voss herad med ein varig tilrettelagt plass (VTO). 
Som tilsett på tinghuskantina er du ein arbeidskollega med resten av gjengen på Kveik 

 

Kven ser me etter? 
Me ser etter deg som trivst og har erfaring med å jobba tett på menneske – og som har eit ekte engasjement for å skapa gode kvardagar for andre. Du har matglede og  er god til å rettleie andre på kjøkkenet.  

Du: 

  • bryr deg om menneske og møter folk med tolmod og respekt  
  • likar å ha struktur, men taklar også at ikkje alt går etter planen  
  • seier ting på ein tydeleg og god måte  
  • er fleksibel, løysingsorientert og engasjert  
  • klarar å halda roen når det blir litt kaos rundt deg  
  • trivst på kjøkkenet og likar å laga mat (og gjerne dela matgleda med andre)  
     

Kva går jobben ut på? 
Hjå oss får du ein variert og meiningsfull arbeidsdag der du: 

  • tilrettelegg, produserer og planlegg arbeidsdagen saman med dei tilsette i VTO  
  • sørgjer for at bestillingar vert produserte og leverte til rett tid  
  • er eit naturleg kontaktpunkt i kantina 

 

Søknadsfrist: 12.04.2026 

Send søknad til: firmapost@kveikarbeidsliv.no 

Kontaktperson:  Dagleg leiar Turid Midthun

 

Neste
Nettstaden levert av Voss Kommunikasjon