Besøk av stortingsrepresentant Linda
Me i Kveik hadde tysdag 17. februar hyggjeleg besøk av vår lokale stortingsrepresentant frå Vestlandsbenken Linda Merkesdal.
Me i Kveik hadde tysdag 17. februar hyggjeleg besøk av vår lokale stortingsrepresentant frå Vestlandsbenken Linda Merkesdal.
Linda hadde møte med leiargruppa vår der dagleg leiar Turid presenterte Kveik og Kveik formidling sitt meiningsfulle arbeid.
Det vart gode diskusjoner og samtaler rundt ulike problemstillingar me som bedrift møter innan avdelingane våre arbeidstrening (AFT) og varig tilrettelagt arbeid (VTA).
Linda fekk omvising i tre- og serviceavdelinga og inne på montering, som er to av våre arbeidsarenaer i varig tilrettelagt arbeid.
I monteringsavdelinga fekk ho også prøve ut ei av arbeidsoppgåvene til avdelinga som er etikettmerking av Vossabia sine produktemballasjer.
På biletet frå venstre avdelingsleiar i VTA Inger Helen Nummedal, dagleg leiar Turid K. Midtun, Linda Merkesdal og avdelingsleiar i AFT Svanhild Tvilde.
Stian som er arbeidstakar på monteringsavdelinga
viser Linda korleis ein fester merkelapp
på Vossabia sine produkt