Ny samarbeidspartnar hjå Kveik.
I haust har Kveik sin catering inngått samarbeid med Voss liftutleige og deira nye Kafé Brynalii.
I haust har Kveik sin catering inngått samarbeid med Voss liftutleige og deira nye Kafé Brynalii.
Rettleiar Ingvild på catering avdelinga og arbeidstakarar smør dagleg eit variert utval av ferske gode smørbrød til Kafe Brynalii, og vår serviceavdeling sine sjåførar hentar og leverar fersk nysmurt mat til levering kl 10 kvar virkedag frå måndag – fredag.
Eit godt samarbeidsprosjekt med gode arbeidsoppgåver for arbeidstakarane våre i Kveik formidling.
Ta turen innom kafé Brynalii og sjå utvalet av smørbrød, og de støttar samstundes verdifulle arbeidsplassar til arbeidstakarar med behov for tilrettelegging.
På bilete Kveiknisto som innheld tre stykk ferske grove brødskiver frå Vossabakst med egg, skinke og ost.
Fersk smurte grove baguetter eller surdeigs foccachetter med reker og majones.
Fersk smurte grove baguetter eller surdeigs foccachetter med ost og skinke.
Fersk smurte halve surdeigs rundstykker med ost eller skinke.