Vel gjennomført kompetansebevis
Gratulerer til vår lærekandidat Alexandra med vel gjennomført kompetansebevis.
Alexandra har vore tilsett i Kveik formidling i to år og har i denne perioden jobba godt opp mot kompetansebevis med god rettleiing frå rettleiar og fagansvarleg Ingvild på cateringen og Hege i AFT.
Me takka av Alexandra og feira kompetansebeviset med ein betre middag saman med kollegaer og dei to rettleiarane som har gitt god opplæring og støtte i tida som lærekandidat i bedrifta.
Me ynskjer Alexandra lykke til vidare på vegen.
På bilete rettleiar og fagansvarleg Ingvild, Hege i AFT, Alexandra og avdelingsleiar i VTA Inger-Helen