Våre retningsliner for miljøvenlege innkjøp inkluderer:
- Behovsvurdering:
- Er innkjøpet naudsynt? Me vurderer alltid behovet for å redusere unødvendig forbruk.
- Føretrinn for miljømerkte produkt:
- Tredjeparts miljømerkte produkt skal føretrekkjast, så sant dei òg oppfyller krav til kvalitet, leveringstid og kostnad.
- Kvalitet, levetid og gjenbruk:
- Me legg vekt på god kvalitet, lang levetid og moglegheiter for gjenbruk i våre innkjøpsval.
- For produkt til utandørs bruk vel me impregnert materiale. Me vurderer òg behandling av trevirke for å forlenge produktets haldbarheit.
- Faremerking:
- Produkt utan faremerking skal føretrekkjast.
- Miljøkrav til leverandørar:
- Leverandørar vert oppmoda til å redusere emballasje og skal vere medlem av Grønt Punkt eller tilsvarande ordningar.
- Me etterspør eit sertifisert miljøleiingssystem som Miljøfyrtårn, ISO 14001 eller EMAS.
Avfallssortering:
Me har eit sterkt fokus på å sortere alt avfallet vårt for å sikre at det vert handtert på ein berekraftig og ansvarleg måte. Gjennom tydelege retningsliner og gode system legg me til rette for høg grad av gjenvinning og minimal belastning på miljøet.
HMS-fokus:
Me prioriterer HMS-arbeidet for å sikre eit trygt og godt arbeidsmiljø for alle tilsette. Dette inkluderer kontinuerleg vurdering og forbetring av arbeidsrutinar, tiltak for å redusere risiko, og ei kultur som set tryggleik og helse i høgsetet.
Miljøansvar for å redusere utslepp frå køyretøy:
Me arbeider målretta for å redusere utslepp frå transport og reiser. Dette gjer me ved:
- Å samle køyreoppdrag for både varetransport og tenestereiser for å redusere unødvendig køyring.
- Å bruke el-bil der det er hensiktsmessig og praktisk mogleg.
- Å sikre at ingen køyretøy går på tomgang.
Krav til mat, drikke og serveringstenester:
- Begrensa kjøtforbruk: Ved matservering i verksemda arbeider me for å avgrense kjøtforbruket og tilby rettar med lite eller ingen kjøt.
- Berekraftig sjømat: Me prioriterer fisk og sjømat frå berekraftige kjelder. «Raude» artar i WWFs sjømatguide vert unngått, og me vel fortrinnsvis sertifisert sjømat etter MSC- eller ASC-standardane.
- Sertifisert palmeolje: Produkt med palmeolje må vere sertifisert etter RSPO-standardane (Identity Preserved eller Segregated). Ikkje-sertifisert palmeolje vert unngått.
- Minimalt matsvinn: Me ynskjer minst mogleg matsvinn i vår produksjon på cateringavdelinga og arbeider aktivt for å oppnå dette.
Gjennom vårt fokus på miljøvenlege val, avfallssortering, reduksjon av klimautslepp og HMS, ynskjer me å bidra til ei berekraftig framtid og sikre eit ansvarleg og trygt grunnlag for vår verksemd.
I samarbeid med leverandørar, kundar og partnarar tek vi ansvar for vår felles framtid.