Nytilsette ved Kveik
Møt våre nye, blide arbeidstakarar: Synnøve, Lene, Inger-Helene og Øyvind! 😊
Møt våre nye, blide arbeidstakarar: Synnøve, Lene, Inger-Helene og Øyvind! 😊
Me i Kveik er glade over å kunna presentera fire nye tilsette i haust! Denne gjengen sørger for verdifull ny kompetanse og godt humør på Tilrettelagt arbeid (VTA) og produksjonsavdelinga vår.
Les meir om kvar enkelt nedanfor!
Nytilsette hjå Kveik, frå venstre: Synnøve Andersen, Lene Grimestad, Inger-Helene Nummedal og Øyvind Finne.
Inger-Helene tok til i jobben som avdelingsleiar for Tilrettelagt arbeid / produksjonsavdelinga 14. august 2023. Ho er utdanna som fengselsbetjent, og har Bachelor i straffegjennomføring. I tillegg har ho fagbakgrunn innan administrasjon og organisasjonsvitskap og arbeids- og organisasjonspsykologi.
Før Inger-Helene tok til i jobben som avdelingsleiar jobba ho 20 år innan Kriminalomsorgen, der dei 6 siste åra var i Stifinnartiltaket og ved avrusingseininga i Bjørgvin fengsel. Her jobba ho med menneske som har utfordringar knytta til rus, eller som har ei rusmiddelliding, og som ynskjer behandling og bistand til å gjera ei endring i livet sitt.
På fritida er familie og fysisk aktivitet viktig for Inger-Helene. Ho er også politisk engasjert, og er for dei neste fire åra valt inn i kommunestyret i Vaksdal kommune.
Synnøve er tilsett ved Kveik formidling og jobbar som rettleiar i Tilrettelagt arbeid / produksjonsavdelinga.
Synnøve har Bachelor i vernepleie, i tillegg til at ho har ein master i psykisk helse- og rusarbeid. Før ho tok til i jobben som rettleiar på Kveik jobba ho i tenester for utviklingshemma i Bergen kommune. Ho har også jobba på folkehøgskule med elevar som trong tilrettelagt undervisning.
På fritida likar ho å vera ute i naturen, men er også glad i å sitja inne å strikka og lesa bøker – spesielt når me går mot haust og vinter. Ho elskar musikk og vert glad av å syngja i kor.
Øyvind har Bachelor i vernepleie og starta i jobben som rettleiar i Tilrettelagt arbeid / produksjonsavdelinga ved Kveik formidling rett etter studia. Under studietida hadde Øyvind praksisperioden sin hjå oss på Kveik, så han var godt kjend med både deltakarar og arbeidsplassen før han starta.
I tillegg til studiet jobba han som assistent på Udlabu omsorgsbustader og som pleiemedhjelpar på sjukeheimen i Kinsarvik. I tillegg har Øyvind fagbrev i lydteknikk.
Dei største fritidsinteressene til Øyvind er gitarspeling, jakt og fiske. Han er Kveik sin trubadur og går under artistnamnet Devan Eyewind – du finn han på Spotify!
Lene er ein av dei nytilsette ved Kveik formidling og jobbar som rettleiar i Tilrettelagt arbeid / produksjonsavdelinga.
Lene er utdanna ergoterapeut, med vidareutdanning i helsefremjande og rehabiliterande arbeid med eldre. Før ho starta i jobben ved Kveik formidling var ho leiar ved dagavdeling i Voss herad. Ho likar å jobba med menneske, alt frå born til eldre.
På fritida er ho mykje saman med familie og vener. Ho er glad i å vera ute i naturen, både til fots, på ski eller i båt.
Desse flotte folka vil gjerne hjelpa deg ☺️