No er det tid for Palmaslepp!

Det er tid for årets store familiedag

 

Etter braksuksessen i fjor, planlegg Morten Lid og resten av gjengen på Palmafossen årets Palmaslepp, 4. mai.

SPENT: Morten Lid frå Byggtorget, ønskjer saman med dei andre arrangørane, velkommen til årets Palmaslepp. Bilde: Solgunn Flatebø Mandelid/Avisa Hordaland

Tekst og bilde under er frå avisa-hordaland/annonse palmaslepp 2024

Palmaslepp 2024 avisa hordaland Kveik4

– Det vart ein kjempesuksess, og det er klart vi må gjenta dette. I år har vi fått med to nye aktørar, både Hageland og Ekstremsportveko, så vi satsar på at det blir enda betre i år, fortel Morten Lid frå Byggtorget Martin Lid Trelast.

 

Fjorårets arrangement gjekk av stabelen for første gong med sol og vår i lufta. Det kom langt fleire besøkande enn dei hadde forventa, og lukta av grillpølser og vaflar fylte Palmafossen. Både born og vaksne fekk prøve seg på ulike aktivitetar som rebusløp, sykkelløp og å kaste på blink. For dei minste hadde dei også eit hoppeslott som for mange vart dagens store trekkplaster.


– Dei fleste vossingane fekk med seg kva Palmaslepp blei i fjor, så vi forventar òg at det kjem mange folk i år. Difor har vi no enda fleire aktivitetar planlagt, i tillegg kjem vi til å ha to hoppeslott, fortel Morten.

Mann står og steiker lapper hjå Kveik

Fleire aktørar er med i år

Han fortel vidare at dei no har fått Ekstremsportveko som samarbeidspartnar og at dei stiller med klatreveggar og fine premiar til dagens mange konkurransar.

 

– I år blir det utruleg mange fine premiar i konkurransane. For å nemne noko så kan du vinne festivalpass til Ekstremsportveko, tandem fallskjermhopp frå Voss Fallskjermklubb, i tillegg til at Hageland stiller med eit flott hagesett til ein verdi av 6000 kroner og barna kan vinne eit plantesett til barn med plantekasse for vårens mange prosjekt.

Palmaslepp 2024 avisa hordaland Kveik5

At Hageland er med på arrangørsida er nytt fra i år.

 

– Vi er jo veldig lokale og har drive på Voss i 40 år. Vi flytta til Palmafossen i 2016 og synest jo det er viktig å engasjere seg i det lokale næringslivet. Det er jo difor det er viktig for oss å vere med på dette, seier Bjørg Rykke frå Hageland.

Palmaslepp 2024 avisa hordaland Kveik2


Å gje tilbake til lokalsamfunnet

Morten Lid frå Byggtorget har vore primus motor for gjennomføringa av arrangementet, og er veldig glad for å ha fått Hageland og Ekstremsportveko med på laget. Som alle dei andre lokale drivarane på Palmafossen så brenn han for nærmiljøet sitt.

 

– Me er jo lokale bedrifter med lange tradisjonar i Vossabygda. Å arrangere ein familiedag som dette er vår måte å gi tilbake til lokalmiljøet og skape ein fin dag for både store og små. Det blir også i år gratis servering av grillmat, vaflar og is, så her kan du få både middag og dessert, ler han.


Fjorårets arrangement vart ingenting mindre enn ein braksuksess, og dei fekk mange gode tilbakemeldingar frå fornøgde vossingar som tok turen til Palmafossen. Morten fortel at folk var fornøgde med både initiativet, serveringa, aktivitetane og konkurransane.

Palmaslepp 2024 avisa hordaland Kveik3

Ein dag for heile familien

Mats Lehne er kjøpmann på Rema 1000 på Palmafossen og han gler seg til årets arrangement.

 

– Det er jo ein fin aktivitetsdag for alle. Her møter du vener og kjente, og det er eit sosialt og positivt arrangement. Vi ønskjer å lage ein jubeldag, sjølvsagt med barn i fokus, men rebusløypa er interessant enten du er 5 eller 85, seier han.

 

I rebusløypa går du mellom dei ulike bedriftene på Palmafossen og svarer på spørsmål som har ulike svar. I tillegg vil det i år, som i fjor, være ulike aktivitetar for barn og vaksne utanfor bedriftene.

Palmaslepp 2024 avisa hordaland Kveik6

– Vi oppfordrar folk til å ta med sykkelen slik at alle kan delta i sykkelløypa. Her er det premie til alle barn, og alle syklar er lov: Sparkesykkel, balansesykkel og trøsykkel. Det blir også premie til alle barn som deltek, understrekar kjøpmannen.

 

Han fortel at det på samtlige bedrifter på Palmafossen blir gode moglegheiter for å gjere eit kupp.

 

– Denne dagen strekkjer vi oss ekstra langt for å gi nokre gode tilbod som vi elles ikkje har i året, konstaterer han.

Dette er årets arrangørar, og her vil du òg finne ekstra gode tilbod

Kveik AS

Kveik tilbyr kurs, kompetanse og oppfølging for å bistå mennesker til å behalde arbeid, eller formidle til arbeid/utdanning. Kveik skal finne gode tilrettelagte løysingar i ordinert arbeidsliv, men også ha gode interne arbeidsplassar. 

Nokre av våre produksjonsarenaer er catering, jobbfrukt, treavdeling og servicetenester. Kveik er avhengig av eit nært og godt samarbeid med lokale verksemder. Me ser gjerne at de tek kontakt med oss.

Voss Byggsenter AS:

Voss Byggsenter har over 30 års erfaring med bygging av hus og hytte og er medlem av Blinkhus-kjeda. I tillegg er dei forhandlar av Saltdalshytta. 

Dei driv primært med nybygg, tilbygg, rehablitering og tomteutbygging.

Studio Sigdal Voss

Sigdal er norskprodusert og dei har levert Sigdal-kjøkken sidan 90-talet. I den nyrenoverte butikken kan du henta inspirasjon til ditt nye kjøkken og bad. 

I butikken finn du lekre utstillingar som perler på ei snor. Ta turen innom Studio Sigdal Voss og sjå ein nydeleg, flott, butikk.

Bademiljø Stanghelle Rørleggerfirma AS

Stanghelle Rørlegger utfører alle rørleggjartenester og er også totalleverandør på komplette bad og våtrom. Dei har over femti års erfaring med ulike rørleggjartenester og har vore på Palmafossen i rundt ti år.

Voss Liftutleige

Hjå Voss Liftutleie kan du leiga alt frå lift, anleggsmaskinar og det meste innan verktøy. 

Dei leiger både ut til bedrifter og privatpersonar og hjelper deg å finna rett utstyr som passar til arbeidsoppgåva di.

Besøk heimesida her

Toyota Voss

Toyota Voss har no vert på Palmafossen i 6 år! Du er velkomen innom for prøvekøyring av bestseljaren bz4x, eller sjå vårt gode utval av ferieklare brukte bilar! 

Med høgt fokus på service og kunnskap, nybilavdeling, bruktbilavdeling, og eige serviceverkstad finn du alt du treng for bilhaldet ditt hjå oss

Sjå heimesida her

NOBI Voss

NOBI på Palmafossen leverer dei fleste varene du treng til bruk i entrepenør- og bygningsbransjen. 

Bønder, hus- og hytteeigarar finn det meste dei treng til små og store byggjeoppgaver.

NOBI starter salget torsdag 2. mai. Se alle priser her

Rema 1000 Palmafossen

På denne daglegvarebutikken finn du alt du treng til kvardagshandelen til ekstra låge prisar. Alltid god stemning hos det som blir omtala som den hyggeligast kjøpmannen på Voss .

På palmasleppet stiller kjøpmann Mats med DJ, grilling og ekstra gode tilbod.

Byggtorget Martin Lid Trelast:

Byggtorget Martin Lid Trelast har alt du treng av materialar til både hus og hytte, store og mindre prosjekt. Dei har eit stort utval av trelast og byggjevare, og saman med sine 20 tilsette har dei høgt fokus på å yta god kundeservice. 

Medlem av huskjeda Systemhus og har eigen prosjektavdeling som skreddersyr små og store prosjekt tilpassa dine behov. Årets leverandør i Byggtorget Norge i 2023.

Voss Fallskjermklubb

Norges største fallskjermklubb, som gjer over 30 000 fallskjermhopp kvar sommar. Du kan hoppa med oss kvar dag frå april-september. 

Alle er velkomne til vårt fine hoppfelt kvar dag heile sommeren, enten du vil hoppa, berre kikka, eller besøka kafeen vår i klubbhuset.

IL Viljar

IL Viljar er det lokale idrettslaget på Palmafossen. Laget vart skipa i 1933, og har nærmare 300 medlemmar. Hovudaktivitetane våre er fotball, langrenn og randonee. I tillegg har me eit breidt tilbod innan trim og mosjon, mellom anna joggekarusell, tysdagstrim og Bømomarsjen. 

Laget har eit tydeleg mål om å vera blant dei billigaste idrettslaga i landet. Idrett og mosjon til alle!

Ekstremsportveko

Verdas største ekstremsportfestival vert også i år arrangert i veke 26, frå 23. til 30. Juni. Festivalen inviterar til ei rekke nasjonale og internasjonale konkurransar der både deltakarar og publikum kan skape spektakulære og uforgløymelege minner. 

Heile veka byr me på eit innhaldsrikt program på festivalområdet på Prestegardslandet. Her kan du nyte god mat og drikke, delta på event og konferansar, og oppleve konsertar med både lokale og nokre av dei største og mest aktuelle artistane i landet. Me ser fram til å ynskje dykk alle velkomne til Ekstremsportveko.

Sjå program her: Ekstremsportveko

Hageland Voss

Hageland Voss tilbyr alt du treng av blomar til stove og hage. Me har eit stort utval av hageartiklar ,kalk, gjødsel, jord og bark, samt eigenproduserte blomar , vintergrønt , busker og prydtrær. Stor hagemøbelavdeling med tilhøyrande dekor til hyggelege prisar. 

Me har også hunde-og kattefor frå Royal Canin, til våre firbeinte venner. Lokalt forankra på Palmafossen i over 40 år, og det er 2. generasjon gartnarar som driv og er medeigar i Hageland Voss.

Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS