Møt våre nye tilsette!

Emma og Tove er nye i avdelinga for arbeidstrening (AFT) – bli betre kjend med dei her 👋

Tove og Emma

Me på Kveik er glade over å kunna presentera våre to nyaste tilsette i arbeidstrening (AFT).  

Emma Eknes Slettemark

Emma Eknes Slettemark

Emma er utdanna barnevernspedagog frå HVL i Sogndal og var ferdig med studiane våren 2023. Ho starta i stillinga som jobbkonsulent hjå oss på Kveik 2. april 2024.

 

Emma er glad i å reisa og har reist jorda rundt 2 gonger. Fyrste gong var saman med familien då ho gjekk på barneskulen, og andre gong var då ho hadde eit friår etter vidaregåande. Ho har i tillegg budd og gått på barneskule på Hawaii 2 gonger.

 

Elles likar Emma å trena og å vera saman med familie og vener. 

Tove Jane Frøyen Norheim

Tove Jane Frøyen Norheim

Tove er utdanna sjukepleiar, og før ho starta som jobbkonsulent i arbeidstrening hjå oss i juni,  jobba ho mange år i Voss herad heimetenesta - som sjukepleiar, fagleiar og sakshandsamar. 

 

Tove likar å jobba med menneske, og gler seg til å jobba med menneske i ei ny brukargruppe enn kva ho har jobba med tidlegare. 

 

Tove er glad i Vossabygda og alt den har å tilby - friluftslivet, fjellturar, fiske, og ho er med på storviltjakt. 

Forrige Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS