Onsdag 18. desember fekk me eit triveleg besøk av ordførar Tonje Såkvitne og rådmann Martin W. Kulild frå Voss herad, saman med styreleiar Sigbjørn Hauge og dagleg leiar Turid K. Midthun frå Kveik.
Voss herad er vår største eigar, og besøket gav god moglegheit til å styrke relasjonen mellom eigar og Kveik. I møtet vart det lagt vekt på betydninga av eit godt og nært samarbeid, og korleis me saman kan utvikle og auke verdiane både for heradet og for oss som selskap.
Me ser fram til eit nytt år med styrka samarbeid og nye moglegheiter ✨