Me på Kveik vil takka alle for året som har gått.
2024 har vore eit spanande år for oss, der me blant anna har fått nye samarbeidspartar som Vossabia og Kreative Maya – noko me set stor pris på, og me gler oss til å vidareutvikle dette samarbeidet i året som kjem.
Eit av høgdepunkta dette året for oss var det vellykka Palmasleppet, som var eit resultat av flott samarbeid med nabobedriftene våre. Slike augeblikk minner oss på verdien av fellesskap og samarbeid.
No når julefreden snart senkar seg, håpar me at de får tid til å slappe av og nyte høgtida saman med dei som står dykk nær, vonar den vert fylt med varme, glede og gode stunder.
La oss gå inn i det nye året med håp, styrke og nye moglegheiter. Me gler oss til 2025, med mykje spanande å halde fram med!
Med ynskje om ei riktig god jul og eit framifrå nytt år frå alle oss på Kveik og Kveik formidling