Varig tilrettelagt arbeid (VTA)

_MG_1824re

Varig Tilrettelagt Arbeid er et tilbod primært for personer med uføretrygd, som ikkje utan vidare kan nytta seg av andre arbeidstilbod.

Som arbeidstakar i VTA er du fast tilsett i Kveik og har dei samme rettane og pliktene som arbeidstakarar i ordinært arbeidsliv. Arbeidet skal bidra til å utvikle dine ressursar. Tiltaket er ikkje tidsavgrensa, men det vert likevel vurdert om det kan vere aktuelt med overføring til andre arbeidsretta tiltak, utdanning eller ordinært arbeid.

Kveik har 3 ulike avdelingar: montering, treproduksjon og kjøkken/catering.

Kveik skal tilby en triveleg arbeidsplass og ein kvardag med varierte oppgåver med høve til å kvalifisere deg og utvikle dine ressursar.

Om du ynskjer det har du høve til å arbeide på alle avdelingar – jobbrotasjon. Målet er at du skal skal bli mest mogleg sjølvstendig i kvardagen.

Innhald

Gjennom samtalar, medarbeidersamtalar og individuelle handlingsplanar skal vi leggje grunnlaget for læring, meistring og gjennomføring av mål den enkelte kan nå.
Kveik legg stor vekt på sosialt samspel og likerverd mellom menneskjer.
Tryggleik og tilhøyre er viktige faktorar som skal være med på å skape ein felles kultur.

Kveik sin VTA avdeling har fleire sosiale arrangement i løpet av året. Som for eksempel: sosiale kveldar med spel, song, musikk og jolebord.

For meir informasjon, kontakt avdelingsleiar VTA 
Kjetil Vestli, tlf: 41663149

Avdelingsleiar VTA

Kjetil Vestli

Tlf: 416 63 149

Epost: kjetil@kveikarbeidsliv.no