Bli med og skap noko meiningsfullt i produksjonen vår!
Stillingsutlysning: Produksjonsmedarbeidar med rettleiingsansvar – ein moglegheit til å gjere ein forskjell!

Stillingsutlysning: Produksjonsmedarbeidar med rettleiingsansvar – ein moglegheit til å gjere ein forskjell!
Er du ein handy problemløysar med godt humør og eit hjarte for menneske? Har du sans for praktisk arbeid og likar å bidra til at andre lykkast? Då kan dette vera di neste utfordring!
Kveik formidling AS på Voss treng DEG som kan vera med å løfte produksjonen vår samtidig som du rettleier menneske med ulike funksjonsvariasjonar i arbeidskvardagen sin. Dette er eit arbeid med meining, utvikling og mykje glede.
Me er ei arbeid- og inkluderingsverksemd som skal setje menneske i stand til å koma inn i arbeidslivet, gå attende til arbeidslivet eller tilby tilrettelagte løysingar. Me har no ledig ei 100 % stilling som produksjonsmedarbeidar med rettleiingsansvar i vår avdeling for tilrettelagt arbeid. Her har me 27 tiltaksplassar for menneske som er uføretrygda og som ynskjer ein tilrettelagt og meiningsfull arbeidskvardag. Me er ei bedrift i utvikling og jobbar heile tida med å skape gode arbeidsarenaer for våre arbeidstakarar.
🎯 Kva skal du gjera?
🙋 Me ser etter DEG som...
📌 Du bør også ha:
🎁 Me tilbyr deg:
Me ynskjer mangfald både når det gjeld alder, kjønn, etnisk bakgrunn, kompetanse og erfaring. Me oppfordrar spesielt menn til å søkje, då me ynskjer ein betre kjønnsbalanse i avdelinga. Personlege egenskapar blir tillagt stor vekt.
💌 Høyres dette ut som deg?
Send søknad og CV til: firmapost@kveikarbeidsliv.no
Søknadsfrist: 15.08.25
Har du spørsmål? Ring dagleg leiar Turid Midthun på tlf. 414 17 610.
👉 Me gler oss til å høyre frå DEG!