Besøk av NHO Arbeid & Inkludering

Me har hatt besøk av direktør Vibeke Johnsen i NHO Arbeid & Inkludering og Voss sin varaordfører Hilde Magnussen, som også er nylig er valgt inn som styremedlem i sentralstyret til NHO A & I.

2026 Besøk av NHO Arbeid inkuldering Bilete 1 Kopi

 

Dagleg leiar Turid Midtun og styreleiar Sigbjørn Hauge tok forrige veke imot eit kjekt og viktig besøk av Vibeke Johnson som hadde ein Vestlandstur med hovudfokus å verta kjent med tiltaksbedrifter på Vestland, og å verta kjent med Kveik si verksemd og korleis me møter utfordringar i kvardagen.


 

Det er stadig endring på tiltaksstruktur og fokus rundt korleis me som verksemd kan fylgja utviklinga og dra nytte av, og samarbeide meir med våre eigne eigarar.

 

Me snakka også om TA-O som er eitt nytt tiltak som 
erstatter VTA-O (varig tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd)

 

TA-O (Tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd) skal gje uføretrygda ei moglegheit til å arbeide i ei ordinær verksemd med tilrettelegging  og oppfylging.


Tiltaket TA-O vil bidra til at uføretrygda kan delta i arbeidslivet og vera ein del av eit arbeidsmiljø der ein opplever meistring, utvikling og inkludering.

 

Les meir om A&I her 

 

 

 


På bilete frå høgre Vibeke Johnson, Turid K. Midtun, Sigbjørn Hauge og Hilde Magnusson.

 

Neste
Nettstaden levert av Voss Kommunikasjon