Arbeidsretta rehabilitering (ARR)

Arbeidsretta rehabilitering er eit tilbod for deg som er sjukemeld eller har nedsett arbeidsevne og ynskjer hjelp til å styrke arbeidsevna.

 

Me er underleverandøren til A2G Kompetanse i tiltaket Arbeidsretta rehabilitering.

Et bilde av et menneske som mediterer viser noe av det man kan gjøre på ARR. Bildet er i sort og hvit med en oransj gradering. Bak bildet er en brun dekorativ kant.

Kvifor arbeidsretta rehabilitering? (ARR)

  • Styrking av den enkelte si arbeidsevne.
  • Bidra til meistring av sosiale og helserelaterte utfordringar som hindrar deltaking i arbeidslivet.
  • Målet er at deltakar skal komma i eller bli verande i arbeid.

Kven kan vera med?

Dette tiltaket er for personar som er sjukemelde eller har nedsett arbeidsevne, slik at vedkommande er hindra i å skaffa eller halde seg i arbeid.

Individuell oppfølging

Deltakar får individuelle vegleiingssamtaler med ein personleg rådgivar. Saman utarbeider dei ein skreddarsydd aktivitetsplan som vektlegg mogelegheiter framfor hindringar.

Underleverandør til A2G

Me er underleverandøren til A2G Kompetanse i tiltaket Arbeidsretta rehebilitering (ARR).

 

Du kan lesa meir detaljert om tiltaket på nettsida til A2G.

Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS