Ekspertbistand
Ekspertbistand er koordinert bistand til arbeidsgjevar og arbeidtakar med fokus på å finna løysingar ved langvarig sjukefråvær.
Kveik har lang erfaring og høg kompetanse på sjukefråværsoppfylging- ta gjerne kontakt for meir informasjon om ekspertbistand frå Kveik.
Ekspertbistand -ein del av IA- avtalen
Det er enkelt å søkje ekspertbistand, og alle verksemder kan søkje. Tilskot til ekspertbistand er ein del av IA-avtalen som kom i 2020, og skal bidra til å førebyggje og redusera sjukefråvær på arbeidsplassen.
Langvarig eller hyppig sjukemelding
Når ein arbeidstakar er hyppig sjukemeldt eller er sjukemeldt over lengre tid trass i behandling og tilrettelegging, kan årsaka være underliggjande. Eksperten jobbar for å finne løysingar og moglegheiter saman med dykk.
Tilskot frå Nav
Arbeidsgjevar betalar for ekspertbistanden, og krev refusjon av utgiftene frå NAV. Tilskotet skal dekke arbeidsgjevar sine utgifter til ekspertbistand, opp til eit maksimal beløp på kr. 20 000.
For meir informasjon, les her.
Slik søkjer du om ekspertbistand
1. Kontakt NAV Arbeidslivssenter (tlf 55 55 33 36) for å få stadfesta at ekspertbistand er aktuelt.
2. Kontakt Kveik og avtale eit møte
3. Søk tilskot til ekspertbistand via Altinn
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon!
Ynskjer du meir info om ekspertbistand, klikk på linken under for å koma til NAV sin informasjonsfilm på Youtube
