Ekspertbistand
Opplever du hyppig eller langvarig sjukefråvær på arbeidsplassen?
Me tilbyr koordinert bistand til arbeidsgjevar og arbeidtakar i slike situasjonar, med fokus på å finna gode og berekraftige løysingar.

Opplever du hyppig eller langvarig sjukefråvær på arbeidsplassen?
Me tilbyr koordinert bistand til arbeidsgjevar og arbeidtakar i slike situasjonar, med fokus på å finna gode og berekraftige løysingar.
Samansette helseutfordringar på arbeidsplassen kan vera krevjande å handtera for ein leiar. Det kan vera mange ulike faktorar som påverkar sjukefråværet.
Med ekspertbistand får du hjelp av ein tredjepart med erfaring i å navigera slike utfordringar.
Arbeidsgjevar kan få dekka utgiftene til eksperbistand gjennom NAV. Les meir om ekspertbistand på sidene til NAV.
Me kjem gjerne innom din arbeidsplass for å fortelja meir om kva ekspertbistand er – heilt uforpliktande!
Du treng ikkje løysa alt åleine!
Ring oss gjerne for ein uforpliktande prat!
Me har god kompetanse på sjukefråvær, arbeidsmiljø, konflikthandtering og arbeidsinkludering.
Silje Mørkve
Tlf: 913 59 196
silje@kveikarbeidsliv.no
Silje har lang erfaring som ergoterapeut. Ho utfører arbeidsevne- og arbeidsplassvurderingar og finn løysingar innan tilrettelegging på arbeidsplassen.
Silje gjev òg karriereveiledning, og har god erfaring med arbeidsinkludering og konflikthandsaming.
Audhild Grov
Tlf: 412 21 365
audhild@kveikarbeidsliv.no
Audhild er utdanna sjukepleiar og har erfaring frå spesialisthelsetenesta. Ho ser personar sine moglegheiter framfor utfordringar, og er god på relasjonar og kommunikasjon på arbeidsplassen. Audhild gjev òg karriereveiledning og har erfaring med sjukefråværsoppfølging.