50 år med Kveik!

Me i Kveik er stolte over 50 år med viktig arbeids- og inkluderingsarbeid. No går me inn i dei neste 50 åra med eit friskt pust, i form av ny nettside og visuell identitet!

Gruppebilete av dei tilsette i Kveik, som smiler og ser i kamera.

– Sjølve jubileumsdagen for stiftinga var 5. april, men me tenkjer å spreia markeringa litt utover året, no fyrst med lanseringa av ny nettside og visuell profil, fortel dagleg leiar Turid Midthun.
 

Avisklypp frå Avisa Hordaland i 1973, med tittelen "Verna verksemd skipa på Voss".

Litt historie

5. april 1973 vart Voss Industrier A/S stifta på Voss "for å sysselsetja yrkesvalhemma og andre mindre arbeidsføre". 

 

Verksemda skifta seinare namn til Voss Bedriftservice, og rundt årtusenskiftet hadde dei om lag 100 arbeidssøkande innom kvart år.

Avisklypp frå Avisa Hordaland 12.12.2013: "Kveikjer nytt selskap for attføring".

I 2013 slo Voss Bedriftservice seg saman med Lekve Industrier og fekk namnet Kveik AS. 

 

Samanslåinga gjorde verksemda større, stødigare og endå betre rigga for å kunne tilby eit heilskapleg attføringstilbod.

Kveik sin sekunderlogo i svart.

Ny visuell identitet

Hausten 2022 gjekk me gjennom endå ein organisatorisk endring, der selskapet vart delt opp i Kveik AS og Kveik Formidling AS.

 

I samband med omorganiseringa var det naturleg å tenkja nøye gjennom kven me er, og korleis me kommuniserer identiteten vår.

 

– Me er veldig fornøgde med prosessen! Når Kveik vart delt i Kveik AS og Kveik Formidling AS var det eit høve til å tenkja gjennom korleis me framstår utad. Me har fått hjelp av Mediesmio til strategi, ny visuell identitet og ny nettside, og me er veldig glade for resultatet, seier Turid Midthun.

 

Den nye nettsida vart lansert førre veke, med design og innhald frå Mediesmio, teknisk løysing frå Vasser og data lagra på Vossaskyen til Voss Kommunikasjon.

Best på arbeidsinkludering!

Sjølv om me har gjort endringar både i organisering av selskapet og i den visuelle profilen, er kjerneverdiane og hovudmåla dei same som før:

– Me vil halde fram med å jobba for å vere best på arbeidsinkludering! Me har fokus på å finna gode, tilpassa løysingar for kvar enkelt, og me er stolte over dei gode formidlingsresultata våre, og me kjem til å jobba for å få endå fleire ut i arbeid og utdanning framover, fortel fagansvarleg Lena Gjernes.

Forrige
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS