Me er miljøfyrtårn!
Kveik AS har vore sertifisert miljøfyrtårnsverksemd sidan 2021, og me er opptekne av å ta omsyn til miljø og berekraft i alle vala me gjer. 🌿
Kveik AS har vore sertifisert miljøfyrtårnsverksemd sidan 2021, og me er opptekne av å ta omsyn til miljø og berekraft i alle vala me gjer. 🌿
For å få vera miljøfyrtårn lyt me oppfylla ei rekke krav knytt til innkjøp, energi, transport, avfall- og kjeldesortering og arbeidsmiljø.
Kvart år leverer me ein miljørapport, og kvart tredje år lyt me resertifisera oss.
Me er stolte over å kunna bidra til ei grønare framtid!
Her kan du lesa miljørapportane våre.
Les meir om kva som ligg i miljøfyrtårnsertifisering her.
Kveik AS og Kveik formidling AS
FN sine berekraftsmål er verda sin felles arbeidsplan for berekraftig samfunnsutvikling, og berekraftsmåla gjeld for alle land i verda.
Hovudsakeleg handlar berekraftsmåla om å oppnå berekraftig samfunnsutvikling innan tre område: økonomisk, sosialt og miljømessig. Dei tre viktigaste oppgåvene er å utrydda fattigdom, bekjempa ulikskap og stoppa klimaendringar.
Noreg var pådrivar for å få måla vedtatt på FN si generalforsamling i 2015, og er forplikta til å jobba for at me når måla innan 2030.
– sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle.
Utdanning er noko av det viktigaste for at land skal kunna utvikla seg, og nøkkelen til å arbeida seg ut av fattigdom, mot betre helse og auka likestilling i samfunnet er gjennom arbeid og utdanning.
Kveik ynskjer å bidra til at flest mogleg kjem i jobb eller utdanning, og dette gjer me med å tilretteleggja, fylgja opp og bruka vår fagkompetanse, slik at vegen til jobb og utdanning vert best mogleg for flest mogleg.
– Fremje varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle.
Alle menneske som er arbeidsdyktige skal få seg eit anstendig arbeid og inntekt – ein skal kunna leva av løna si. Vidare må dei unge inkluderast i arbeidsmarknaden.
Kveik bidreg med sitt samfunnsengasjement, og har som hovudformål å setja menneske i stand til å koma inn i arbeidslivet, gå attende til arbeidslivet eller tilby tilrettelagte løysingar. Kveik skal gje flest mogleg ein meiningsfylt arbeidskvardag, og visjonen vår er å vera best på arbeidsinkludering.
– Sikre berekraftig forbruks- og produksjonsmønstre
Berekraftsmål 12 handlar om å kasta mindre mat, elektronikk og anna avfall, og om kjeldesortering, avfallshandtering og gjenbruk. Berekraftig forbruk og produksjon handlar om å gjera meir med mindre ressursar.
Som Miljøfyrtårnsertifisert bedrift har Kveik som mål å sikra ein mest mogleg miljøvennleg leveranse av sine tenester. Dette skal me gjera ved å mellom anna identifisera og redusera moglege kjelder til forureining og energibruk, auka kjøp av miljømerka produkt, kjeldesortera alt avfall og ha fokus på gjenbruk der det høver seg.