Sal av ved er berre eitt av mange tilbod frå Kveik – og no omstiller dei seg

Av Geir Geitle /avisa-hordaland 1. november 2022

Kveik har idag 26 varig tilrettelagde arbeidsplassar, men står no midt i ei omstilling. -Det er så mykje meir me også driv med, seier Turid Midthun som er dagleg leiar.

I stadig sterkare grad vert arbeidsmarknadsverksemda Kveik ei utoverretta verksemd. Det ber den nye strukturen av Kveik også preg av.

Frå 1. november 2022 vert Kveik AS omorganisert i to selskap. Det gamle selskapet Kveik AS skal halda fram som før. I tillegg opprettar dei det nye selskapet Kveik formidling AS for attføringa og dei varig tilrettelagde arbeidsplassane.

-Det litt litt i namnet at me formidlar tenester og varer i endå større omfang ut i det ordinære arbeidslivet, seier Turid Midthun.

Høg utdanning og kompetanse
Kveik har i dag ein administrasjon på 24 ordinært tilsette. – Me har ein stab med høg utdanning og variert kompetanse. Kveik AS vert morselskapet der me held fram arbeidet med ulike tiltak for arbeidstakarane som til dømes arbeidsavklaring, seier Midthun.

TO VERKSEMDER: Turid Midthun vert no dagleg leiar for både Kveik AS og Kveik formidling AS. Dei to verksemdene har base i kvart sitt bygg i Brynalii. Foto: Geir Geitle /avisa-hordaland


Kveik held til i to bygg i Brynalii. Når dei no blir to verksemder, er det gull verdt at dei har begge bygga. – Me skulle hatt endå litt meir plass slik at også cateringverksemda kunne vore her. I dag held dei til i Brynaskogen, seier den daglege leiaren.

Ut mot arbeidslivet
Kveik har mange varig tilrettelagde arbeidsplassar, 26 totalt. Dei tilsette her utfører arbeid innan ved, trevarer, catering og jobbfrukt. Også desse skal i framtida i større grad prøva seg ut mot det ordinære arbeidslivet.

I tillegg har Kveik 23 plassar for arbeidsførebuande trening. Dessutan har dei fem plassar i grønt arbeid på ein gard i Tørvikbygd.

Turid Midthun ynskjer elles å framheva tiltaket Ekspertbistand. Ekspertbistand vil seia at arbeidsgjevaren og arbeidstakaren får hjelp frå ein nøytral ekspert som har kompetanse på sjukefråvær og arbeidsmiljø.

STOR VEKST: Fleire arbeidsretta tiltak både på Voss og i nabokommunar har gjeve Kveik stor vekst og utvikling, og dagleg leiar Turid Midthun har mykje å hengja fingrane i. Foto: Geir Geitle / avisa-hordaland

Kveik har dei siste 15 åra hatt fleire ulike arbeidsretta tiltak som underleverandørar for større verksemder i Bergen. – Me i Kveik er for små til å levera inn anbod på eiga hand, men dreg stor nytte av å vera underleverandørar. Me leverer denne tenesta på Voss og i nabokommunar. Dette har gjeve oss stor vekst og utvikling, seier Turid Midthun.

Den store vedhausten
Å ta imot og formidla ved, er ei av dei tradisjonelle tenestene hjå Kveik. Sjeldan har ved vore meir i skotet enn denne hausten. Galopperande straumprisar og stor etterspurnad gjer at mange leverandørar har gått tomme.

Men Kveik har fått inn nye forsyningar av bjørkeved, og har framleis mykje ved på lager. Då Hordaland er innom Kveik, er Jan Åge på trucken i full fart med å syta for at den lokalproduserte veden kjem ut til kundane. – Me er så heldige at me har fleire gode leverandørar i vossaregionen. Tidlegare kjøpte me ved også frå utlandet, men det er me slutta med no, fortel Turid Midthun.

Kveik har selt mykje ved i haust. I september måtte dei seia stopp ein periode, men no er dei i full gang att. Hyttefolk, privatpersonar, bensinstasjonar og daglegvarebutikkar kjøper ved frå Kveik. – Veden kjem til oss i 1000-literssekker. Så pakkar me han om i 40-literssekker.

50-årsjubileum
Omorganiseringa av Kveik har vore ein omfattande og krevjande prosess, seier Turid Midthun og Hilde Magnusson som er styreleiar for begge Kveikselskapa. Omlegginga skjer som fylgje av krav frå Nav.

– No har me landa på ei organisering av drifta vår som vil gje oss rom for å halda fram med det gode arbeidet med å få folk tilbake i arbeid eller hjelpa dei med ein annan eigna kvardag.

I 2023 har Kveik AS jobba i 50 år med arbeid og inkludering. – Dette arbeidet skal me halda fram med. Me ynskjer å vera ein sentral aktør på Voss for å gje folk ein god arbeidskvardag, og ser fram til å feira 50-årsjubileum med heile Voss neste år under mottoet «Me bryr oss!», seier Midthun og Magnusson.