Kveik har klart det igjen!

Kveik har nådd resultatmåla for 2021! Kveik har som mål å få 50 % av våre deltakarar i arbeidsførebuande trening (AFT) ut i arbeid eller utdanning, noko 54,9 % av våre deltakarar gjorde.

I arbeidsførebuande trening (AFT) bistår me arbeidssøkjarar som har ulike utfordringar til å kome seg i arbeid eller utdanning. ( Les meir om AFT her )Heile 17 personar kom seg i arbeid eller utdanning gjennom Kveik i fjor. Det høyres kanskje ikkje så mykje ut, men med våre 23 + 5 AFT plassar ser ein at det er mange som har fått bistand frå oss.

Kveik er ei arbeids- og inkluderingbedrift og me har samanlikna oss med andre tiltaksbedrifter i bransjen. Av 83 bedrifter som rapporterte inn sine tal månadleg, er Kveik på topp 30 lista over dei som har høgast formidling. 

Med gode medarbeidarar og godt samarbeid med arbeidslivet på Voss vil me framover forsetje å arbeide med å bistå våre deltakarar ut mot ordinært arbeid.

Bedrifter med ein formidlingsandel frå AFT til jobb og utdanning på over 50 % i 2021 – kilde: arbeid og inkludering