Rettleiar 1 dag i veka (20 %), i tillegg til å vera ringevikar

Har du ynskje om ein liten deltidsstilling som er både gjevande og utfordrande? 

Et bilde av små trefigurer av mennesker i en sirkel, med linjer i mellom seg skal symbolisere samarbeid. Bildet er i sort og hvitt, og bak bildet er en gul dekorativ kant.

Kveik AS driftar kantina på Tinghuset, der me produserer mat for sal over disk og møtemat for avdelingar knytt til Voss herad. I kantina jobbar det ein rettleiar som er tilsett gjennom Kveik, saman med 4 personar som er tilsett gjennom Voss herad med ein varig tilrettelagt plass (VTO)

 

Me ser etter deg som:

  • Likar og er god på å jobba tett på menneske med ulike tilretteleggingsbehov
  • Jobbar strukturert, sjølvstendig og får ting gjort.
  • Kommuniserer tydeleg
  • Er fleksibel og engasjert
  • Er tolmodig og klarar å halda hovudet kaldt sjølv om det kokar rundt deg
  • Likar å laga mat

 

Arbeidsoppgåvene er å: 

  • Tilretteleggja arbeidsdagen for dei tilsette i VTO
  • Ha ansvar for at bestillingar vert produsert og levert til riktig tidspunkt
  • Vera kontaktpersonen i kantina

Søknadsfrist: 08.12.2023 

 

Søknad og CV kan sendast til firmapost@kveikarbeidsliv.no  

 

Kontaktperson: Brita Dagestad Bjørke, tlf: 952 62 035

 

Neste
Denne nettsiden er laget av Mediesmio og Vasser AS