Palmaslepp: Familiedag laurdag 6. mai!

Sola tittar fram og våren gjer sitt inntog: No passar det perfekt med familiedag hjå lokale verksemder på Palmafossen!

Arrangementsbilde til Palmaslepp. Ornamenter i bakgrunn, og i front står teksten "Palmaslepp, Laurdag 6.mai (ikon av lokasjon) Palmafossen.

Laurdag 6. mai inviterer me og åtte andre verksemder på Palmafossen til familiedag, med kjekke aktivitetar som sykkelløype, rebusløp og konkurransar. I tillegg vert det grilling, sveler, vaflar, is og gode tilbod hjå fleire av butikkane som deltek.

– Det er kjekt å gjera noko saman med dei andre verksemdene her oppe, og det er viktig for oss å bidra til nærmiljøet her på Brynalii og Palmafossen. Det er vert mykje kjekt for små og store på familiedagen, så eg håpar mange vel å ta turen, seier dagleg leiar for Kveik, Turid Midthun.

Dette er fyrste gong det vert arrangert Palmaslepp, og om dette vert vellukka vonar me at dette kan bli ein årleg tradisjon!

Verksemdene som bidreg til familiedagen er Byggtorget Martin Lid Trelast, Voss Byggsenter AS, Studio Sigdal Voss, Bademiljø Stanghelle Rørleggerfirma AS, Voss Liftutleige, Toyota Voss, Nobi Voss, Rema 1000 Palmafossen og oss i Kveik.

Forrige