AFT - Arbeidsførebuande trening

For deg som vil vidare
AFT er eit arbeidsretta tiltak på veg mot ordinært arbeid.
Så lenge me er i rørsle er det enkelt å halde framdrifta. Av og til kan du hamne i ein situasjon der du må redusere farten eller stoppe heilt opp. Skal du halde fram på den same kursen, eller må du endre retning? Det kan vere mange og samansette grunnar til at ein opplever utfordringar i yrkeslivet. Du er ikkje åleine om dette, og me har lang erfaring med å finne løysingar som kan passe for deg.
Menneska som kjem til oss varierer i alder, utdanning, erfaring og ikkje minst livssituasjon. Gjennom kartlegging og veiledning kan me finne din veg vidare, anten den er i yrkeslivet eller ikkje. Våre jobbkonsulentar har lang erfaring i å hjelpe til på denne vegen.
Våre effektive og pålitelege metodar kan skapa positive endringar, trygge rammer og betre livskvalitet for deg.
