Treng du arbeidsfolk?

Me stiller gjerne opp til ein uforpliktande samtale. Vårt mål er å formidle riktig person til jobben.
Me har kartlagt kompetanse og ressursar hjå våre jobbsøkjarar. Me vil i samtale med deg undersøkje kva behov du har, og vurdere om me har riktig person til jobben.

Dersom me har aktuelle kandidatar , får du høve til å prøve vedkommande i eit praksisløp. Du får høve til å vurdere om jobbsøkjaren oppfyller krava i jobben, og forpliktar ikkje til tilsetjing før det er avklart.
Kveik har formidla mange arbeidssøkjarar til arbeid.Me har lang erfaring og brei kompetanse på området. Me trur at tett samarbeid og ein open dialog er viktige verkemiddel for å lukkast for alle partar.

Attføringsbedriftene i landet og NHO har etablert prosjektet Ringer i vannet. Kveik er med i dette samarbeidet i Hordaland. Målet for Ringer i vannet er å bidra til at fleire deltakarar frå attføringsbedrifter vert tilsett i NHO-bedrifter. På vegen mot fast tilsetjing er arbeidstrening og korttidstilsetjing naturlige steg.

Rekruttering og samfunnsansvar møtes i Ringer i vannet. NHO er opptatt av at dei som har vore utanfor arbeidslivet skal få nye sjansar. Ringer i vannet er eit prosjekt som skal gjere det lettare for di bedrift å delta. Som Ringer i vannet-bedrift vil du få både tilgang til kvalifisert arbeidskraft og samtidig være med å bygge eit romslegare arbeidsliv. Bistanden og oppfølginga av deltakar vert skreddarsydd slik at det vert direkte tilpassa bedriftas spesifikke behov for arbeidskraft. Tett oppfylgjing frå ein attføringskonsulent både i forkant, under og etter tilsetjing sikrar nødvendig tryggleik.

Gjennom prosjektet skal deltakarar som mottar midlertidige trygdeytingar få arbeidstrening i NHO-bedrifter. For bedriftene handlar det om å skaffe seg arbeidskraft dei treng, for den enkelte handlar det om å bruke eigne ressursar til samfunnets beste. Mange opplever at livet går i bylgjedalar. Sjukdom, private utfordringar, omstillingar eller andre hendingar kan føra til at enkelte i ein periode må ta ein pause frå arbeidslivet. Men ein pause må ikkje få lov til å bli en full stans. Det må være lov til å møte veggen, uten at ein fell utfor eit stup.

Gjennom Ringer i vannet aukar NHO innsatsen for å nå delmål 2 i IA-avtalen om auka sysselsetting av personer med redusert funksjonsevne.

Ringer i vannet er rekruttering utan risiko!

For meir informasjon kontakt:

Svanhild Tufteland Tvilde
Jobbkonsulent
Tlf: 950 48 094
E-post: svanhild@kveikarbeidsliv.no