Brukarundersøking

Kveik gjennomførar kontinuerleg brukarundersøking. Denne vert nytta til å betre kvaliteten på arbeidet vi utfører.

Her er eit utdrag frå brukarundersøkinga i 2015:

-Kor nøgd er du med hjelpa du har fått frå arbeidsleiar og tilretteleggjar?

  • Eg har fått utruleg god hjelp frå fyrste dag eg kom opp på Kveik.Eg har berre skryt og ros å gje til alle eg har vore i kontakt med oppe på Kveik.Ein STOR TAKK til dei som har hjelpt meg vidare på min livsveg.
  • Det kunne ha vert meir kontakt mellom arbeidsledar og kontakt ledere. I forhald til timeplan. Og meir konstruktiv/positiv kritikk i forhald til kvar arbeidsoppgaver.
  • Hovedkontakt har vore svært behjelpelig med avklaring, og å finne jobbønsker. Og er veldig grei å samarbeide/prate med. Arbeidsleder har vore veldig grei å jobbe under, og eg har lært mykje av han. Ein stor tommel opp til begge.

-Tykkjer du tiltaket har vore tilpassa ditt behov?

  • Ja. Jeg blir lyttet til og behovene og begrensingene mine blir respektert.
  • I bedrifta som eg har jobba i,har gjennom heile tiltaket tatt hensyn til mine behov,og mi helse.No har eg fått fast jobb der,og dei tek fortsatt hensyn til behova mine med for eksempel at eg ikkje kan ta tunge løft.
  • Eg har fått gjere oppgaver som passar til mine behov, og er svært nøgd med tiltaket.

 

-Kor nøgd har du vore med hjelpa du har fått frå din hovudkontakt og arbeidsleiar?

  • Eg har fått utruleg god hjelp frå fyrste dag eg kom opp på Kveik.Eg har berre skryt og ros å gje til alle eg har vore i kontakt med oppe på Kveik.Ein STOR TAKK til dei som har hjelpt meg vidare på min livsveg.
  • Hovedkontakt har vore svært behjelpelig med avklaring, og å finne jobbønsker. Og er veldig grei å samarbeide/prate med. Arbeidsleder har vore veldig grei å jobbe under, og eg har lært mykje av han. Ein stor tommel opp til begge.

 

-Kunne Kveik AS gjort noko annleis?

  • Ikkje det eg veit, eg enda opp i fast jobb, og det må vel vera godt nok.
  • Nei,etter mitt synspunkt har dei gjort alt dei har kunna for å hjelpa meg i mitt tilfelle. Dei har også vore utruleg flinke til å lytta,til å forstå kvart enkeltmenneske i den situasjonen ein er i, når ein kjem opp til Kveik frå fyrste dag, og det er utruleg viktig. Eg har allereie anbefalt Kveik til andre, og spreier godord, skryter til mange av dykk kor flinke de er,og kor god hjelp og fortåelse eg har fått av dykk.
  • mulighet for IT relaterte oppgaver.
  • Syns me fann ut av det fort- forstod kvarandre etter fyrste møtet. Syns ikkje noko kunne vera annleis i mi sak. Eg var klar for å komma i arbeid- og det fekk eg allerede etter ein månad. 

 
lysbilde1 lysbilde2 lysbilde3 lysbilde4 lysbilde5