Om Kveik

Kveik er det nye namnet på verksemdene Lekve Industrier og Voss Bedriftsservice, som vart fusjonert 2013.

Kveik AS ivaretek etterspurnaden for yrkesretta attføring og varig tilrettelagt arbeid (VTA) i vårt område.

Kveik sitt hovudformål er å gjere det mogeleg for menneskjer å avklare arbeidsevne og eventuelt gjera eit nytt yrkesval,  slik at ein kan koma attende i arbeid. Me har fokus på intern jobbtrening, samt utplassering og oppfylging av arbeidssøkjarane hjå eksterne arbeidsgjevarar.

Me tilbyr interne avklarings- og opplæringsplassar innan transport, tekstil, reinhald, ved og trevareproduksjon, samt catering og kantine.

Kveik samarbeider nært med lokalt næringsliv og har eit stort nettverk. Dette kjem arbeidssøkjarane til gode i form av ekstern arbeidsutprøving, og mogleg tilsetjing hjå dei som har trong for arbeidskraft.

Kveik AS er medlem i Arbeid og inkludering/NHO Service. Les meir

Bedriftas historie

Verksemda vart etablert  i 1974 som ei arbeidsmarknadsbedrift med vekt på tradisjonell produksjon innan mekanisk, tekstil og plastproduksjon.

Namnet var Voss Industrier AS og verksemda leverte mellom anna strikkevarer (jakker og genserar) under namnet «Voss Knit» fyrst i samarbeid med Stephansen AS på Espeland, men seinare stod ein sjølve for alt sal og marknadsføring.

Plastavdelinga produserte baderingar og oppblåsbare plastbåtar i tillegg til diverse plastartiklar som t.d. urinposar. I ein lang periode var ein og underleverandør til  Åsmund Lærdal i Stavanger. Voss Industrier hadde også ein eigen mekanisk avdeling som produserte bl.a. kappsager.

Kvalitetspolitikk

-Formål: Med ein inkluderande og open kultur skal vi skapa eit grunnlag for attføring av arbeidstakarar, samt etablera bærekraftige tiltaksplassar, slik at alle samfunnsbevisste aktørar i arbeidslivet, pårørande og samfunn ser verdien av vårt arbeid.

Vår visjon er å bli den viktigaste arbeidskrafta i lokalsamfunnet.

Verskemda er sertifsert iht. Equass/European quality assurance in Social Services. EQUASS Assurance er eit europeisk system for kvalitetssikring av velferdstenester med ekstern revisjon og sertifisering. Det gjev tenesteleverandørar i velferdssektoren høve til å sikre kvaliteten av tenestene overfor brukarar og andre samarbeidspartnarar.

EQUASS Assurance legg til grunn at sertifiserte leverandørar av velferdstenester skal drive verksemda i tråd med 10 overordna prinsipp. Det vert stilt 50 overordna krav til verksemder som ynskjer å sertifisere seg. EQUASS Norge AS gjennomfører vidare ein revisjon av bedrifta kor ei sjekkliste på 100 punkt (100 ja/nei spørsmål) skal avklare om verksemda vert driven i tråd med dei overordna krava eller ikkje. Dersom verksemda innfrir alle krav vil den bli sertifisert, og mottar eit sertifikat som bekreftar dette.

Lokalisering

Verksemda er lokalisert på Palmafossen og Vangen.

Kveik Arbeidsliv har adresse:
Brynalii 119, Voss

Verksemda si postadresse:
Postboks 18, 5701 Voss
Telefon: 56 52 08 60

Kveik Vangen
Vadet 11, Voss