Jobbsøkjar

Kveik tilbyr ulike arbeidsretta tiltak for å hjelpe med å finne jobben som passar deg. Dei ulike tiltaka me tilbyr, har ulikt innhald, alt etter kva mål du har, og kva hjelp du treng for å nå dette målet. Tett samarbeid med ein av våre rettleiarar, som du ”spelar ball med”, det vil sei rettleier deg i prosessen, forsikrar best mogeleg resultat. Dialog og samarbeidet er tufta på dine føresetnader og dine ynskje for arbeid. Desse blir belyst, diskutert og realitetsorientert. Og slik søkjer ein å finne fram til den beste løysinga for deg.

AFT/Arbeidsførebuande trening

Varig tilrettelagt arbeid (VTA)

Kveik er underleverandør for A2G i tiltaka avklaring, arbeidsretta rehabilitering,  oppfølging sjukemeldte og oppfølging innvandrere.